om kinck

Hans E. Kinck (1865-1926)

Hans Ernst Kinck

 

 

Hans E. Kinck (1865-1926) står i rekkja av dei verkeleg store og markante forfattarane på nasjonalt nivå. Det er særleg som novellist Hans E. Kinck plasserer seg på øvste hylle, men han var også ein betydeleg romanforfattar og dramatikar, ein eigenarta lyrikar og ein skarp essayist. Motivkrinsen hans er vid, der han som diktar og essayist hentar emne dels frå norsk røynd, dels frå italiensk middelalder, renessanse og barokk.

 

Etter å ha gjort unna embetsstudium i klassisk filologi i Oslo, debuterte Kinck 27 år gammal med romanen «Huldren». Året etter kom romanen «Ungt Folk», og Kinck heldt fram med å gje ut bøker i rask frekvens, ofte med eit par titlar i året. Han var produktiv heilt fram til han døydde 61 år gammal. Då hadde han gjeve ut 43 bøker, og tre kom ut året etter. Den eine av desse tre utgjevingane i 1927 var diktsamlinga «Mands hjerte». Her skriv han:

 

Jeg vet alt om menneskenes liv.

Jeg vet hver sjel på rette og vrange.

Jeg er syk av å vite.

Jeg vet meg i hjel…

Kinck var fødd i Øksfjord i Loppa, men faren, distriktslege Theodor Kinck, vart snart forflytta. Først reiste familien til Namdalen, i 1867, så til Setesdal i 1871 og tre år seinare til Strandebarm. Folkeliv og kultur både i Setesdal og Strandebarm gjorde sterkt inntrykk på unge Kinck. Om sitt møte med Strandebarm seier han: «Og stedets vidt forskellige natur, folkets gløghed og sjøsalte rationalisme, tungerapheden, sprogets hæftige rytme, alt det virked som en kraftig lusing; den var velgørende nok, men kom ganske lidt for tidlig, ialfald lidt for braatt, paa en tiaars gut.»

Det noko omflakkande livet i barndomsåra, der han vart del av vidt forskjellige samfunn, kan ha vore med på å skapa den interessa for folkepsykologi som gjer seg sterkt gjeldande i Kinck sin litteratur. I mange tekstar grip han fatt i lokale forhold, ikkje minst i Strandebarm. Han framstiller bondefolk her med ein kritisk snert, slik at mange av dei samtidige innbyggjarane oppfatta det som harselas. Forholdet til naboar og bygdefolk elles var såleis ikkje først og fremst prega av harmoni. «Jeg bliver hevnet for «Ungt Folk». Jeg er mange ganger fortvilet», skriv mora i eit brev frå doktorgarden i Strandebarm i 1904.

 

Hans E. Kinck var, og er, vanskeleg å plassera, både kunstnarleg og ideologisk. Indre motsetnader og skiftande syn og vurderingar prega både tenkinga og diktinga hans – og alt fekk koma sterkt og kompromisslaust fram i tekstane. «Det er ikke bestemte meninger eller idéer, men disse brytningene som gir forfatterskapet intensitet, dobbeltbunn, indre liv», skriv Edvard Beyer i sin 2-bindsbiografi om Kinck.