om jubileet

Hans E. Kinck (1865-1926)

I 2015 var det 150 år sidan forfattaren Hans E. Kinck (1865-1926) vart fødd. Han kom til Strandebarm som 11-åring, hadde ungdomstida si her, og hadde eit nært forhold til Strandebarm så lenge garden Tangerås var i familien si eige, til 1920. Kvam herad tok ansvar for å laga eit jubileum for Kinck. Det vart organisert slik at Kvam herad v/kulturkontoret stod ansvarleg for jubileet.

 

Jubileumsnemnda hadde denne samansetninga:

Knut Markhus (leiar), leiar for kultur, Kvam herad

Mary Ann Sørheim, kulturkonsulent Kvam herad

Olav Johannes Skeie, styreleiar Folkeakademiet i Hordaland

Johan Storm Munch, eigar og driftar av Kinck-tunet i Strandebarm

Synnøve Vik, fagleg leiar kunsthuset Kabuso (Hardanger og Voss museum)

Svein Ove Duesund, assisterande rektor Øystese gymnas

Ole Gjerde, representant frå Kvam hereadsstyre

 

Mykje nytta ressurspersonar undervegs i jubileet:

Jan H. Landro, kulturjournalist/forfattar

Idar Stegane, professor emeritus Universitetet i Bergen

Helge Skurtveit, seniorrådgjevar i Hordaland fylkesbibliotek

 

Jubileet hadde ulike arrangement og andre tiltak i Kvam, både i Kinck-tunet, Kabuso og på andre arenaer. Også arrangement andre stader både i og utanfor Hordaland var ein del av jubileet.

 

Gjennomførte arrangement/tiltak støtta/arrangert av Kinck-jubileet:

 

Flaggermusvinger i Kvam kino. Film frå 1992 med blant andre Hildegunn Riise, Anneke von der Lippe, Jon Eikemo i rollene. 22. mars 2015.

 

Hans E. Kinck 150 år. Illustrasjonar av Nikolai Astrup og Thorbjørn Egner. Utstilling med Kinck-tekstar og bilete frå bøkene hans, av Nikolai Astrup og Thorbjørn Egner. Kunsthuset Kabuso 11. april-17. mai, og sommaren 2015 i Astruptunet, Sogn og Fjordane kunstmuseum.

 

Kinck-dagane Variert program i Kincktunet i Strandebarm, med bl.a. Solveig Kringlebotn, Ruth Lillegraven, Jan H. Landro, Einar Økland, Marte Øgar Rastad, Siri Økland, Frode Helmich Pedersen, Benedicte Maurseth, Olemic Thommesen. Strandebarm ungdomslag sette opp Den nye kapellanen i teaterform. Utstilling i Hallvardsnaustet. Filmen Flaggermusvinger. 26.-28. juni 2015.

 

Kinck i kvar krok - Monterutstilling i fire delar, i Strandebarm bibliotek, Norheimsund bibliotek, Kvam rådhus, Øysteseheimen. Hardanger og Voss museum. Stod heile 2015.

 

Ein mann som heitte Kinck. Framsyning med forteljar Tomas Kinck Wold. Turné i folkebiblioteka i Hordaland med program for elevar i 9. klasse. Fylkesbiblioteket i Hordaland. Våren 2015.

 

Bannerutstilling om Hans. E. Kinck. På omgang i bibliotek i Hordaland. Fylkesbiblioteket i Hordaland. Frå våren 2015 og ut året.

Kinck-litteratursti i Strandebarm. Laga av Strandebarm skule i samband med Friluftslivets år. Hausten 2015.

 

Kinck på Mathilde. Teaterframsyning med Merethe Gauden på S/J Mathilde. Skuleframsyningar og opne framsyningar . Tørvikbygd, Norheimsund, Øystese. Jondal, Strandebarm, Rosendal. Hausten 2015.

 

Dei nye kapellanane i Kinck-tunet. Bursdagen til Hans E. Kinck 11. oktober vart feira to dagar før i Strandebarm. Dei nye kapellanane med Ragnar Hovland, Jørn Mortensen og Trygve Åslund, konsert med innlagde forteljingar, i løa i Kinck-tunet. 9. oktober 2015.

 

Haustfest med Den nye kapellanen. Framsyning av Den nye kapellanen i teateform ved Strandebarm ungdomslag. Holmatun, Strandebarm, 10. oktober 2015.

 

Haustfest i Hardinglaget, med tema Hans E. Kinck og Jon Fosse. Med Hildegunn Riise, Nils Økland, Johan Storm Munch. Den nye kapellanen i teaterform ved Strandebarm ungdomslag. Oslo 14. november.

 

Kinck-foredrag ved Johan Storm Munch, ulike stader gjennom heile året.

 

Flytting av Linga skule til Kinck-tunet. Skulen Hans E. Kinck gjekk på då han kom til Strandebarm vart flytta til Kinck-tunet.

 

 

 

Kinck-jubileet var støtta av Fritt Ord, Sparebankstiftinga Hardanger, Hordaland fylkeskommune og Kvam herad.